30. des. 2007

Romjulspadling


Med nordvest, snøbyger og krampekos i fjæresteinane held vi tradisjonen ved like:)

Etter ein kjapp invitasjon skulle vi være seks som var ute og padla i dag, men været gjorde at dei fleste trakk seg. Etterkvart blei eg den einaste som la ut i styggeveiret og opplevde denne magiske stemninga det er å ferdast i naturen på denne årstida berre med selskap av skarv og oter. Eg padla meg vestover mot Furøya og måtte sitte og hykje eit par gongar mens det sludda og blåste som verst, men eg fann ein plass å lande og satt og koste meg ei stund med kakao og pepperkaker.



På veg heim møtte eg eit par karar som var ute og padla dobling. Det blei tid til litt drøs om veir og vind før dei måtte plaske vidare for å nå fram før det blei mørkt. Då eg seig forbi Sørstrand traff eg ein oter som verka litt fornærma over at eg kom og forstyrra han i arbeidet. Han svømte eit par tak mot meg og med eit fnys dukka han for å finne seg middag.

Kansje det er fleire som blir med i morra på sjølvaste nyttårsafta?

2 kommentarer:

oyvind faeroyvik sa...

Angrar på att eg ikkje vart med på romjulpadlinga. Eg har bestemt meg for å avslutte året med ein padletur på sjølvaste dagen. gledar meg styggt og håpar på litt sjøsprøyt.
oppfordrar andre sofaslitarar til å gjere det same. Alle andre får ha eit riktig godt nytt år.
Ps. Flott blogg.

mikke sa...

Eg mikke scherman og margita andersson skulle vart med men det var vist fest på rokke kellaren i kinnhuset,det var ca 30 pers uten før så eg fikk ikke sove på heile natten. Eg bor på rokke lofte!så eg har polert aluminium till motorsykkelen min idag, men eg tenke ta ut Skvalpen i morgon nyttårsaftonens dag,så vi kan jo samles alle padlere till litt sjø luft og bål. hilsen mikke