30. des. 2007

Romjulspadling


Med nordvest, snøbyger og krampekos i fjæresteinane held vi tradisjonen ved like:)

Etter ein kjapp invitasjon skulle vi være seks som var ute og padla i dag, men været gjorde at dei fleste trakk seg. Etterkvart blei eg den einaste som la ut i styggeveiret og opplevde denne magiske stemninga det er å ferdast i naturen på denne årstida berre med selskap av skarv og oter. Eg padla meg vestover mot Furøya og måtte sitte og hykje eit par gongar mens det sludda og blåste som verst, men eg fann ein plass å lande og satt og koste meg ei stund med kakao og pepperkaker.



På veg heim møtte eg eit par karar som var ute og padla dobling. Det blei tid til litt drøs om veir og vind før dei måtte plaske vidare for å nå fram før det blei mørkt. Då eg seig forbi Sørstrand traff eg ein oter som verka litt fornærma over at eg kom og forstyrra han i arbeidet. Han svømte eit par tak mot meg og med eit fnys dukka han for å finne seg middag.

Kansje det er fleire som blir med i morra på sjølvaste nyttårsafta?

12. aug. 2007

Nybegynnerkurs


Nybegynnere på kurs med Kyst Aktiv tar seg ein velfortjent lunsj på Rota.

29. juni 2007

Tor Helge i kajakk



27. Juni. Kokken har maten klar


Denne dagen hadde vi fått 50 fiskekaker av Bebbien og det vart godt likt av guttane. Dei blei servert med kokt makaroni, gulrøtter og brokkoli. Vi treng mykje energi når vi har klatra og padla i to dagar. Dagen før hadde vi vore i Store Batalden og klatra eit par ruter på topptau. Då var det ein god plan å fortsette med padling dagen etter.

25. juni 2007

Gjengen samla i leiren.


Denne dagen hadde vi ein kjapp middag beståande av pølse med brød og løk. Ivrige deltakere har fått stell på leiren og installert seg i teltet. Vi har hatt opplæring i kart og kompass der nokon av guttane hadde mykje erfaring frå før. Etter middagen skal vi ha kurs i kajakk på Fanøy og blir det tid i kveld prøver vi oss med å gå på slakk line. Satsar på ein trøtt gjeng til i kveld så det blir stillt i leiren;-). Kjetil og Hans Erik.

24. juni 2007

Alt klart til årets leir!


Hans Erik og Kjetil er på Vevlingen og har gjort klar til årets leir. Vi har transportert alt utstyret og slått opp telt, padla kajakk og skaffa lettbåt, sjekka turar og ordna leirområdet. No manglar vi berre gjengen som skal få det trivelig og spennande her ute i Batalden. Vi kan melde om lett bris frå nord og null mygg;-). Helsing Hans Erik og Kjetil.

19. mai 2007

Kyst Aktiv sin nye kajakkflåte på vei...


Vi er no på vei heim med dei nye kajakkane. Årets kursdeltakarar får nye båtar å boltre seg i denne sommaren. Vi har i år kjøpt svenske Point 65 Rocker og Rocket som den legendariske kajakkpadlaren Nigel Foster har vore med og utvikla. Følg med på heimesidene våre og i Firdaposten for padlekurs ut over våren og sommaren

4. apr. 2007

Sunnfjordveggen

Førstebestigning av den nye Tjelmelandveggen i Florø Idrettsenter. Her er Jarle Kalland på veg opp den siste ruta etter å ha klatra samtlige graderte ruter frå 6 til 8/8+. Jarle var kursleder på "instruktør inne"-kurset denne veka i Florø og utdanna seks instruktørar som skal halde klatrekurs i Florø fram mot sommaren.


Tekniske data Sunnfjordveggen:
Leverandør Tjelmeland Friksjon


- 14m høg
- 10m brei 3D vegg
- 10m brei vertikal kursvegg
- 7,5m overheng








Merete Strømmen

på veg opp 5+ ruta på hjørnet mellom 3D veggen og den vertikale kursveggen.