29. juni 2007

Tor Helge i kajakk



27. Juni. Kokken har maten klar


Denne dagen hadde vi fått 50 fiskekaker av Bebbien og det vart godt likt av guttane. Dei blei servert med kokt makaroni, gulrøtter og brokkoli. Vi treng mykje energi når vi har klatra og padla i to dagar. Dagen før hadde vi vore i Store Batalden og klatra eit par ruter på topptau. Då var det ein god plan å fortsette med padling dagen etter.

25. juni 2007

Gjengen samla i leiren.


Denne dagen hadde vi ein kjapp middag beståande av pølse med brød og løk. Ivrige deltakere har fått stell på leiren og installert seg i teltet. Vi har hatt opplæring i kart og kompass der nokon av guttane hadde mykje erfaring frå før. Etter middagen skal vi ha kurs i kajakk på Fanøy og blir det tid i kveld prøver vi oss med å gå på slakk line. Satsar på ein trøtt gjeng til i kveld så det blir stillt i leiren;-). Kjetil og Hans Erik.

24. juni 2007

Alt klart til årets leir!


Hans Erik og Kjetil er på Vevlingen og har gjort klar til årets leir. Vi har transportert alt utstyret og slått opp telt, padla kajakk og skaffa lettbåt, sjekka turar og ordna leirområdet. No manglar vi berre gjengen som skal få det trivelig og spennande her ute i Batalden. Vi kan melde om lett bris frå nord og null mygg;-). Helsing Hans Erik og Kjetil.